Skip Navigation Links(Hjem) > Ledig stilling

Ledig stilling - Leiar for NAV Ullensvang

Logo - Ullensvang kommune - Klikk for stort bilde

 


Saksnr.: 19/1128

NAV leverer arbeids- og velferdstenester og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter og hovudmålet er å få fleire i arbeid. NAV Ullensvang er inne i ein spanande moderniserings- og endringsfase. Me søkjer deg som vil ta utfordringa med å byggja og leia ei felles Nav teneste for den nye kommunen. 
 

 
 

NAV logo - Klikk for stort bilde

 

NAV Ullensvang er eit partnarskap mellom NAV Vestland og Ullensvang kommune og er likeverdige eigarar av NAV kontoret. Leiaren har det faglege og administrative ansvaret, og den viktigaste oppgåva blir å sikre gode heilskaplege tenester og ivareta samfunnet sitt mål om størst mogleg yrkesdeltaking. Samarbeid på tvers av kommunar vil bli avgjerande for å vidareutvikle tenestene. 
 
Nav Ullensvang har i dag 23 tilsette fordelt på statlege og kommunalt tilsette. Kontoret yter tenester etter den statlege tenestemenyen, tenester heimla i Sosialtenestelova; økonomisk råd og rettleiing, gjeldsrådgiving, kvalifiseringsprogram med meir. Nav Ullensvang skal ha ein felles leiar med kommunalt tilsetjingstilhøve.


Sentrale arbeidsoppgåver

Medverke til å realisere NAV reforma i samarbeid med kommunen
Bidra til å sikra samordning og samhandling på tvers av organisasjonen
Fag-, personal-, budsjett og resultatansvar
Sikre målet om effektiv drift og utvikling av velferdstenestene med særleg fokus på brukarane sine behov
Aktiv kontakt med næringsliv, offentleg- og frivillig sektor
Sikre tidleg innsats for alle brukargrupper
Resultatansvar knytt til målet om fleire i arbeid/aktivitet og færre på stønad
Systematisk arbeid for eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg forbetring
Sikre samhandling, heilskap og fleksibilitet innan fagområda
Vera pådrivar for å utvikle gode rutinar, systemretta arbeid og effektiv tenesteyting
ved bruk av teknologi og digitale løysingar
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
 

Formelle kvalifikasjonskrav
Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule og/eller universitet. Særleg relevant erfaring kan kompensere for deler av kravet til utdanning
Relevant leiarerfaring herunder erfaring frå omstillingsprosessar, strategisk planarbeid, budsjettarbeid og økonomistyring
Dokumentert resultatoppnåing, gjennomføringsevne- og vilje
Erfaring frå sakshandsaming og offentleg forvaltning
Erfaring frå samhandling med tilsette sine representantar
 

Andre krav
Gode haldningar til samarbeid
Erfaring med plan- og utviklingsarbeid
Erfaring og gode resultat frå personalleiing
God økonomi- og budsjettforståing
 

Personlege eigenskapar
Du byggjer relasjonar og resultat gjennom involvering og medverknad
Du har stort engasjement for å utvikle tenester til innbyggjarar og arbeidsliv
Du skapar tydelege forventningar, prioriterer, gir støtte, utvikler og
inspirerer medarbeidarar
Du kommuniserer godt skriftleg og munnleg
Du arbeider målretta og systematisk
Du har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Du er nytenkjande og visjonær og er drivkraft frå idé til gjennomføring
Du er løysingsdyktig og har god gjennomføringskraft
Du er raus, fleksibel og open for endringar og nye initiativ som kan skape 
betre løysingar
Du har forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv
Du er tydeleg og strukturert
Du skapar gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt, og handterer dei 
leiarmessige utfordringane som er knytt til todelte leiarmodellen
 

Vi tilbyr
Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
Godt arbeidsmiljø og kompetente medarbeidarar
Ein sentral rolle i utviklinga av nye Ullensvang kommune
Fleksibel arbeidstid
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter avtale
 
Vi er opptekne av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje,
uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Den som vert tilsett må levera politiattest av ny dato. Stillinga er ledig frå 01.01.2020.
 
Spørsmål om stillinga kan rettast til prosjektleiar Ingvild Sperrevik Nav Ullensvang
kommune tlf. 970 98 764, eller regionleiar Bjørn Søvik tlf. 982 49 701.

 
Søknadsfrist: 08.12.19
Publisert av Anna Dagny Aarhus. Sist endret 19.11.2019

Logg inn


Kontaktinformasjon

Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no